Fakta om substantiv

Substantiv er namn på noko eller nokon.

Vi deler substantiv i to grupper:

  • Fellesnamn er felles namn på mange av den same sorten, som for eksempel gut, jente, land, by, elv og fjell. Vi set artiklane ein, ei og eit framom fellesnamn.
  • Særnamn er namn som vi skriv med stor forbokstav, som for eksempel Tor, Lise, Spania, Bergen, Glomma og Rondane.

Cappelen Damm

Sist oppdatert: 22.08.2006

© Cappelen Damm AS