Teiknsetjing

Mål i arbeidet med teiknsetjing:

  • å setje punktum etter ei setning
  • å setje stor forbokstav etter punktum
  • å setje spørsmålsteikn etter spørjesetningar
  • å setje utropsteikn etter utrop og befalingar
  • å setje komma ved oppramsing
  • å setje komma framom men

Vi bruker punktum for å vise ein tydeleg pause. Hugs stor bokstav etter punktum.

Etter spørjesetningar skal det stå spørsmålsteikn.

Vi bruker utropsteikn etter utrop, befaling eller ønske. Utropsorda har utropsteikn når dei står aleine.

Komma etter pauseteikn. Det betyr at vi tek ein kort pause når vi les.

Vi bruker komma ved oppramsing. Mellom dei to siste orda i oppramsinga skal det ikkje vere komma, men ordet og.

Cappelen Damm

Sist oppdatert: 27.06.2007

© Cappelen Damm AS