Manipulasjon

Dette står det om ordet 'manipulere' i ordboka.

manipulere
~e're v2 (frå mlat av lat. manipulus 'handfull')
  1handsame, bruke hendene på ein viss måte
  2(påverke andre ved å) bruke knep; føre bak lyset, manøvrere; tukle (med) m- opinionen / bli manipulert av reklamen / m- med galluptala


Ofte tenkjer vi på manipulasjon i samband med noko som av ein eller annan grunn ikkje er bra. Da er manipulasjon negativt. Men manipulasjon treng ikkje vere negativt. Mange gonger kan manipulering av verkelegheita hjelpe oss til å sjå ting med nye auge. For når ein kunstnar målar eller diktar om for eksempel eit tre, så kan kunstnaren ved å manipulere verkelegheita få oss til å sjå eller tenkje på treet som skummelt, sårbart, mørkeredd eller tøft.

Cappelen Damm

Sist oppdatert: 07.02.2007

© Cappelen Damm AS