"Løgn og forbannet dikt" ...

... skreiv Henrik Ibsen i "Peer Gynt".

Men kva er dikt?
Er det språkets gikt?
Diktarens plikt?
Er det ordets finsikt
der ord som port og mjølk
og høgsong og plattform
får sveve fritt
og knyte seg til dei luftigaste tankar
eller nedrigaste dritt?
På leit etter meining.
Er det noko slikt?

Dikt, lyrikk eller poesi skil seg frå prosa. Prosa (oratio) kjem frå latin og betyr likefram tale. Prosa, det vi skriv og les mest av, er ikkje like bunde av rim- og rytmereglar som poesi, dikt og lyrikk. I Nynorskordboka står det dette om dikt:

dikt n1 (norr dikt; frå lty; av *dikte)
  1poetisk produkt, (heilskap av) vers skrive d- / d-et "Ved Rondane" / d- og prosa / symfonisk d- sjå *symfonisk
  2noko oppdikta; oppspinn det er berre d-! / d- eller sanning)

Cappelen Damm

Sist oppdatert: 19.09.2007

© Cappelen Damm AS