Substantiv

Her skal du lære:

  • å skilje substantiv frå andre ordklassar
  • forskjellen mellom samnamn og særnamn
  • å skilje mellom hankjønnsord, hokjønnsord og inkjekjønnsord
  • å bøye samnamn i eintal og fleirtal, ubunden og bunden form

Fakta:

  • Substantiv er namn på noko eller nokon.
  • Vi deler substantiv i to grupper: særnamn og samnamn.
  • Særnamn skriv vi med stor forbokstav, slik som Eva, India, Alta og Mons.
  • Samnamn er felles namn på mange av same sorten: gut, jente, land.
  • Eit kjenneteikn på samnamn er at vi kan setje artiklane eller mengdeorda ein, ei, eller eit framfor.

 

  • Ord vi kan setje ein framfor, kallar vi hankjønnsord.
  • Ord vi kan setje ei (eller ein) framfor, kallar vi hokjønnsord.
  • Ord vi kan setje eit framfor, kallar vi inkjekjønnsord.
  • Orda ein, ei og eit høyrer til ordklassen artiklar.

 

Cappelen Damm

Sist oppdatert: 20.09.2007

© Cappelen Damm AS